Apr 20

Tren i motbakke – Når det passer deg

93805505_2686447244818119_2673426917658460160_nHovlandsnuten Opp løpet 13. juni er avlyst – som alle andre idrettsarrangement før 15. juni.

Me ønsker å gjøre vårt for folkehelsa og kommer her med første del- en mulighet til å trimme og måle tiden mot seg sjølv og andre ; fra Risvoll skule til Brekkestølsbråtet.
Premiering kjem me tilbake til samt eit opplegg for familier – også det med flott og inspirerande premiering.

Alt kan gjennomførast slik myndighetene ønsker det: Minimum to meter avstand mellom personer samt maksimalt fem personer kan være sammen, unntatt for personer som lever sammen til daglig.

Velkommen til test av første del av løypa til Hovlandsnuten Opp. Start på Risvoll skule opp til Devold prisen ved vegen på Brekkestølsbråtet.
Lag ein brukar på Strava– bruk Strava app på mobil eller Polarklokkå di eller td Garmin.

Bli med og tren i motbakkane – trygt- når det passer deg sjølv. To flotte sjølvlukkande grinder på vegen opp kan opnas med foten eller albuen.
På Strava segmentet under havner den beste tida di.

Mar 17

NM i motbakkeløp i 2021

89201795_3341988955814773_8673344781033668608_oSauda IL ved arrangementet Hovlandsnuten Opp er blitt tildelt NM i motbakkeløp i 2021.
Vi er glade for igjen å kunne ønskje velkommen til NM i motbakkeløp i Sauda .

Jan 02

Hovlandsnuten opp–artisten 2020

Nyleg plateaktuelle Matti bør absolutt få alle i feststemning til Hovlandsnuten opp.

Hans koselig tekstar og muntre melodiar er blitt allemannseige.

Det bør bli fullt på Tveittunet denne fredagen!

A073_C001_0321D6

Jun 08

Følg med direkte

Velkommen til Hovlandsnuten opp i dag! Følg med direkte på de som springer på tid med linken under til EQ timing.

 

https://live.eqtiming.com/45673 

May 24

Verdensmester kommer til Hovlandsnuten Opp

Astrid Uhrenholdt Jacobsen er nok kjent for de fleste etter mange år i den ypperste langrennseliten. Siden gjennombruddet med VM-gull på sprinten i Sapporo VM i 2007 har det blitt en rekke pallplasser i verdenscupen, flere høydepunkter i VM og ikke minst et svært etterlengtet stafettgull med lagvenninnene under fjorårets OL i Sør-Korea.
I år har hun vært med på å ta sølv i VM samt flere pallplasseringer i Verdenscupen og NM.
Astrid er tatt ut til Elitelandslaget for kvinner for 2019/2020.

Både for de spesialtrente motbakkeløperne som kjemper om sammenlagtseieren i norgescupen, og mosjonistene er det kjekt å få bryne seg mot de norske langrennstoppene.

Vi i Hovlandsnuten Opp er veldig glade for å få Astrid til Sauda slik at me kan få vise hvor mye me setter pris på ho som har gleda oss så mye med innsatsen i langrennssporet.

På herresiden har Gaute Kvåle meldt sin ankomst. Om ikke et like merittert navn som Astrid Uhrenholdt Jacobsen så er han likefullt en som er med å prege norsk topplangrenn.
Kvåle, som er fra Saudas nabobygd Røldal, regnes fremdeles som ung og håpefull. Han konkurrerer i øyeblikket for Team Veidekke.

59700853_2669182056428803_1881047761269293056_n60172830_2669182213095454_3880073811688685568_n

Jan 07

FØRSTE LØP I NORGESCUPEN I MOTBAKKE 2019: HOVLANDSNUTEN OPP 

DSCF5370Me er svært glade for å få arrangera Norgescupløp i 2019 og håpar å få sjå Noreg sine beste motbakkeløparar lørdag 8. Juni i Sauda.

Det blir som vanlig barneunderholdning i løypa på Hovlandsstølen. Mange løparar seier at dei får eit løft når dei spring gjennom dette området som er fylt med glade og spreke born! Håpar på mange trimmarar og folk på tur langs heile løypa.
Velkommen til ein ny løpsfest for store og små.
Oversikt over norgescupløpa:

Jun 10

Ingen var raskere enn Aarvik og Dvergsdal

Eli Anne Dvergsdal (Varegg) vant dameklassen under årets Hovlandsnuten Opp på tiden 52.07. Det var omtrent identisk med tiden (52.04) hun sprang på i fjor. På andreplass fulgte Anita Iversen Lilleskare (BFG Bergen) med tiden 53.24, mens Julie Marie Larsen (Tjalve) ble tredje beste kvinne på 55.01.

Med tiden 52.07, var Eli Anne Dvergsdal best blant damene. Foto: Nils Tungland

Med tiden 52.07, var Eli Anne Dvergsdal best blant damene. Foto: Nils Tungland

I herreklassen var det i år som i fjor Stian Øvergaard Aarvik (Gneist) som var best. Gneist-løperen stoppet klokken på 44.13, som var et drøyt minutt foran Torstein Tengsareid (Skjalg). Sistnevnte kom i mål på tiden 45.17. På tredjeplass kom Morten Gjendum (Haugesund IL) med tiden 47.48.

Stian Øvergaard Aarvik kom alene til mål og vant Hovlandsnuten Opp, akkurat som han gjorde det i fjor. Foto: Nils Tungland.

Stian Øvergaard Aarvik kom alene til mål og vant Hovlandsnuten Opp, akkurat som han gjorde det i fjor. Foto: Nils Tungland.

I begge sherpaklassene ble det satt løyperekorder. Blant herrene var lokale Sondre Handeland (Sauda IL) best på tiden 1.07.19. Fjorårsvinner Stian Johnsen Nordvik (Sauda IL) ble nummer to med tiden 1.12.01, mens Thomas Alsgaard tok tredjeplassen på 1.14.43.

Fjorårsvinner Stian Johnsen Nordvik (fra venstre) ble nummer to i årets utgave av løpet, bak sherpavinner Sondre Handeland. Thomas Alsgaard endte på tredjeplass. Foto: Rune Håheimsnes.

Fjorårsvinner Stian Johnsen Nordvik (fra venstre) ble nummer to i årets utgave av løpet, bak sherpavinner Sondre Handeland. Thomas Alsgaard endte på tredjeplass. Foto: Rune Håheimsnes.

I dameklassen var det Marthe Kristoffersen som klatret best med 20 kilogram ekstra på ryggen. 1.26.36 er den nye løyperekorden i dameklassen. Hildegunn Solheim (Frisk & Rask) og Marina Løvik fulgte på plassen bak, henholdsvis med tidene 1.37.44 og 1.47.52.

Marthe Kristoffersen var raskest i sherpaklassen for damer og satte løyperekord. Foto: Nils Tungland.

Marthe Kristoffersen var raskest i sherpaklassen for damer og satte løyperekord. Foto: Nils Tungland.

Du kan laste ned fullstendige resultater fra denne lenken.

Jun 01

Alsgaard og Kristoffersen vender tilbake

Foto: Langrenn.com

Foto: Langrenn.com

De gamle landslagsheltene Thomas Alsgaard og Marthe Kristoffersen har begge tidligere besøkt Sauda og Hovlandsnuten. Nå vender de begge tilbake til årets løp for å kjempe med 20 kilo på ryggen i den beinharde Sherpaklassen. Sympatiske Marthe Kristoffersen er også nylig vinner av realityprogrammet 71 grader nord, der hun demonstrerte med all tydelighet at hun takler både tunge bører og lange økter.

Alsgaard syntes også at sherpautfordringen hørtes spennende ut og gleder seg til å ta fatt på utfordringen. Han har alt studert løypeprofil og fjorårstider nøye, og som han sa så treffende: “Tidene virker rå, og skal bli tøffe å kjempe mot”.

Løypene er i øyeblikket knuskende tørre, sett bort fra et par punkter helt i toppen der det ligger noen mindre snøfelt som må krysses. Langtidsvarselet melder om fortsatt tørt vær så joggesko blir nok et svært egnet skotøy for de aller fleste.

Vi gleder oss nok en gang til motbakkedyst og folkefest om en ukes tid!

 

 

Thomas Alsgaard med Hovlandsnuten i bakgrunnen

Thomas Alsgaard med Hovlandsnuten i bakgrunnen

 

Jun 01

Gjer seg klare til ny kraftkamp

Neste laurdag ventar Hovlandsnuten storinnrykk, slik nuten har hatt det kvart einaste år sidan Hovlandsnuten Opp blei starta tilbake i 2007.

Ferda opp til dei 931 etterlengta meter over havet er ein bejubla affære. Folkefesten og livet i løypa heier fram alle som ein, uavhengig om ein kjem som ein trimmar klokka 11 eller som ein konkurranseutøvar klokka 13.

Med rundt tusen deltakarar, så er dei skarpaste konkurranseløparane bare ein liten del av arrangementet.

Forutan dei som kjempar om å slå eigne rekordar og tider, har ein også dei som konkurrerer i bedriftsklassen. I fjor var det Statkraft som tok sigeren for aller første gong, ti minutt føre Saudefaldene på andreplass, medan Eramet følgde på tredjeplass, 17 minutt bak Saudefaldene.

– Me har ein helserelatert bit i HMS-arbeidet vårt kor me ønsker å stimulere til mosjon. Me støttar medlemskap hos Frisk & Rask og fleire påmeldingsavgifter for dei tilsette, som Sauda Seven Summits, Haugesund-Sauda og Hovlandsnuten Opp. For oss er det veldig positivt om dette kan vere med på å gi ein langsiktig helseeffekt for fleire, seier Svein Ilstad, direktør i Saudefaldene.

Statkraft er meir enn klare til å gjere sitt beste for å forsvare sigeren i bedriftsklassen i fjorårets Hovlandsnuten Opp. Her ved nokre av dei som vil delta i motbakkeløpet for Statkraft, både i sherpaklassen, konkurranseklassen og trimklassen: Ola Martin Øverland (frå venstre), Nikolai Austarheim, Anders Skaarer, Ellen Amdal og Jarle Solbakken.

Statkraft er meir enn klare til å gjere sitt beste for å forsvare sigeren i bedriftsklassen i fjorårets Hovlandsnuten Opp. Her ved nokre av dei som vil delta i motbakkeløpet for Statkraft, både i sherpaklassen, konkurranseklassen og trimklassen: Ola Martin Øverland (frå venstre), Nikolai Austarheim, Anders Skaarer, Ellen Amdal og Jarle Solbakken.

Vennskapeleg kappestrid
Saudefaldene har sjølv kniva i teten i fleire år i bedriftsklassen, men dei manglar framleis den ettertrakta sigeren. I år varslar direktøren at dei har henta forsterkningar frå Austlandet for å ta opp kampen med kraftkonkurrentane i Statkraft.

– Me har ennå ikkje spikra laget heilt, men eg reknar med at det blir habilt i år også. Det er viktig for oss at Statkraft ikkje blir for kjepphøge. Me hentar eit styremedlem frå Austlandet som skal vere med og springe. Det blir ein x-faktor. Det spørs om Statkraft er førebudd på den, seier Ilstad og ler, som vel å halde deltakarens namn tett til brystet.

– Me har ennå ikkje vunne bedriftsklassen, så det spørs om me ikkje bare har det i kjeften, legg Ilstad til, og håpar Statkraft vil kaste nervøse blikk på naboen nå som Saudefaldene styrkar laget med ein anonymisert austlending.

 Statkraft som favorittar?
Også hos naboane Statkraft er det krevjande å få ei oversikt over korleis dei ligg an. Måndag denne veka var det fleire av dei som sprang testløp opp til Hovlandsnuten. Kva tider dei sprang på, er derimot ein godt skjult hemmelegheit.

– Nei, dei tidene må me må halde tett til brystet. Me kan ikkje gi konkurrentane noko gratis, seier Jarle Solbakken i Statkraft og humrar, før han held fram:

– Me ligg greitt an samanlikna med i fjor. Men i bedriftsklassen har me veldig dårleg oversikt over konkurrentane, og den svingar frå år til år. Det ser ein på dei tidlegare åra og kven som har vunne frå år til år, forklarer Solbakken.

På kontora til Statkraft er dei fleire som er involverte og engasjerte i arrangementet, både som løparar og arrangørar, og engasjementet pregar lunsjar, kontor- og korridorsnakk.

Blant dei som jobbar ved Statkraft er også løpsgeneral Per Inge Fjellheim.

– For enkeltpersonar meiner eg det er bra å ha eit mål å trene mot. Og inn i ei bedrift er det utruleg viktig å ha felles opplevingar som me snakkar om og diskuterer når det er over. Det viktigaste er at dette er eit tilbod for alle, ei felles oppleving og noko sosialt ein kan gjere saman, seier Fjellheim.

Lågterskeltilbod
Sjølv om det blir snakka og fleipa mykje om Hovlandsnuten Opp blant dei tilsette, og at dei gjerne skal slå kraftkonkurrentane i Saudefaldene og andre bedrifter, er bedriftsklassen først og fremst vere eit lågterskeltilbod for alle som vil måle tida opp Hovlandsnuten.

– For oss på huset er det eit stort arrangement, og startkontingenten blir dekka for alle tilsette. Det er med på å ta ned terskelen for alle, for me vil at flest mogleg vil vere med, seier Jarle, før Nikolai Austarheim skyt inn:

– Det var først då Ellen sende ein epost for ikkje så lenge sidan at eg forstod at dette var eit lågterskeltilbod for alle. Då Jarle først fortalde korleis dette fungerte, var det nemleg to-tre månader med spesifikk motbakketrening som gjaldt for å vere best mogleg førebudd, seier Austarheim og ler godt, før han blir hakket meir alvorleg:

– Eg synest det er veldig kjekt at du som ein del av eit bedriftslag har ei moglegheit til å hjelpe laget ditt med å sette ei tid. Då får du vere med og hjelpe, og kanskje er du ein av dei som er med og set tidene som blir gjeldande for laget.

Brødrene Selvik med to napp
Vandrepokalen er det Ryfylke Bygg, Frisk & Rask Treningssenter, Brødrene Selvik, Eramet og Statkraft som har  napp i. Brødrene Selvik er einaste bedrift som har vunne bedriftsklassen to gonger. Då dei sist vann i 2015, var det løparane Atle Mehus, Knut Herheim, Rune Selvik, Leif Inge Løland og Reidar Selvik som sprang entreprenørfirmaet til heider og ære.

– Dessverre kjem me ikkje til å stille lag i år. Det skulle me gjerne gjort, men dessverre får me det ikkje til i år. , seier dagleg leiar i Brødrene Selvik, Leif Inge Løland.

Eit bedriftslag må ta tre napp i vandrepokalen før den blir deira til odel og eige.

Den jamnaste duellen ein har sett i bedriftsklassen i Hovlandsnuten Opp var tilbake i 2015. Då skilde det bare 27 sekund mellom vinnarane frå Eramet og Statkraft på andreplass, etter at laga sine fem beste tider blei lagt saman og totaltida kraup opp mot fem timar.

Sosialt høgdepunkt
I løpet av denne veka og den siste veka før sjølve løpsdagen, jobbar bedriftene med å rekruttere stadig fleire til å slenge seg med i motbakkefesten.

– Alle som er med synest at den sosiale biten i arrangementet er kjekk. Mange på huset her går saman og tar det som ein sosial tur. Så har du andre som oss som synest den sosiale biten er kjekk, men der tilnærminga til løpet er litt annleis. Då blir det ikkje så mykje snakking undervegs i løpet, men heller meir etterpå, seier Solbakken.

I nabobygget til Saudefaldene sit Svein Ilstad og gler seg ei veke fram i tid, når løypa opp Hovlandsnuten igjen skal leggast tjukk av folk som tar seg opp dei rundt 6,8 kilometerane frå start ved Risvoll skule til toppen.

– Me i Saudefaldene gler oss veldig. Det er eit veldig kult arrangement med masse som skjer. Det er knallkjekt heile dagen, og me prøver å støtte opp om det så godt som me kan, både som sponsor og for å få flest mogleg deltakarar, både i konkurranseklassane og i trimklassen, seier Ilstad, som passande nok har tenkt så det har knaka medan han har snakka om arrangementet:

– Jo meir eg tenker på det, jo sikrare blir eg på at me slår Statkraft, avsluttar Ilstad og ler.

May 27

OL-helten Holund kommer!

hans-christer-holundBlant mange festøyeblikk under vinterens OL i Pyeongchang, var den sympatiske langrennsløperen Hans Christer Holunds bronse på tremila. Han dro også i land en sjetteplass på den krevende femmila. At Holund nå er bekreftet til Hovlandsnuten Opp er en fantastisk nyhet for arrangøren.
– Han sa at han allerede har studert løypeprofilen, og likte det han så, forteller Per Inge Fjellheim i Hovlandsnuten Opp.

Holund er i langrennsmiljøet kjent for motbakkekapasiteten sin, og kan forhåpentligvis være en seriøs utfordrer til motbakkespesialisten Torstein Tengsareid som mang en gang har vist seg som en ringrev i løypa i Sauda.

På kvinnesiden kan det også ventes friske fraspark når tidligere landslagsutøver i skiskyting, Hilde Fenne stiller til start. – Jeg har fått signaler fra Kristen Skjeldal om at Hilde har ivaretatt toppidrettsformen og trolig stiller til start med ambisjonsnivået i orden, sier Fjellheim som er glad for at det er en aldri så liten idrettsglamour over motbakkeløpet når det braker løs lørdag 9. juni.

Older posts «