«

»

May 04

«Favorittane» gjekk tur/retur Oslo – i motbakke!

– Folk trur jo at me er galne og ristar på hovudet. Og eigentleg er det jo galskap. Eg ser bare på meg sjølv, eg har jo ikkje trent anna enn å gå på mølla dei siste vekene og sagt nei til skiturar fordi eg måtte gå på mølla, seier Janne Margrethe Aabø og ler.

Dei fire andre stemmer raskt i, for at møllene på treningssenteret har tatt mykje av fritida særleg dei siste fire vekene, legg ingen av dei skjul på.

Kvintetten Janne Margrethe Aabø, Elisabeth Åsheim, Janne Kristine Olsen, Elisabeth Hellerslien og Ingunn Risvoll har vore eitt av sju lag i Frisk & Rask sin Hovlandsnuten Opp-konkurranse. Laga har gått og sprunge om kapp på tredemøllene i 15 prosent stigning sidan konkurransen starta i veke 11.

(Saka held fram under bildet)

STERKE BEIN: Elisabeth Hellerslien (frå venstre), Ingunn Risvoll, Janne Kristine Olsen, Janne Margrethe Aabø og Elisabeth Åsheim stoppa ikkje før dei hadde gått Hovlandsnuten Opp 132 gonger, eller tur/retur Sauda-Oslo i 15 prosent stigning. (Foto: Even Emberland)

STERKE BEIN: Elisabeth Hellerslien (frå venstre), Ingunn Risvoll, Janne Kristine Olsen, Janne Margrethe Aabø og Elisabeth Åsheim stoppa ikkje før dei hadde gått Hovlandsnuten Opp 132 gonger, eller tur/retur Sauda-Oslo i 15 prosent stigning. (Foto: Even Emberland, Avisa Ryfylke)

Møller i sentrum
Dei første vekene av konkurransen var det jamt mellom både to og tre lag, men då kvintetten tidleg i april bestemte seg for å ta tak og gå «all in» for sigeren, hamna dei andre laga raskt i bakleksa.

– Eg har vakna om morgonen og tenkt kva dagane består av, og det er jobb, mølla på Frisk & Rask og å ta seg av familien, i ein eller annan rekkefølge, humrar Janne Kristine Olsen.

Då Ryfylke snakka med dei på torsdag, nærma «The Favorites» seg det nye målet om å klare 900 kilometer til saman. Det svarer til Sauda-Oslo-Sauda og litt til med bil, og det med vinterstengt over Saudafjellet på Fylkesveg 520.

– Det tok heilt av. Det verste var det mentale i starten, då var det skikkeleg kjedeleg å gå lenge på mølla. Eg hadde aldri gjort dette aleine, men å gjere det som lag har vore veldig kjekt. Du har jo gått for laget, seier Elisabeth Åsheim.

– Det har skjedd at eg har avspasert frå jobb for å gå på mølla. Det har vore gale, men det har vore kjekt også, ler Ingunn Risvoll, som raskt får respons frå andre i gjengen om at det har dei også gjort.

– Konkurranseinstinkt
Det er Aabø som har tatt rolla som lagleiar. Ein gruppechat på Facebook blir skildra som ein nøkkel for å motivere kvarandre og halde trykket oppe. Men kva er det som ligg til grunn for dei ørten timane dei har tilbakelagt på møllene?

– Først og fremst konkurranseinstinktet. Det har gått til hovudet på oss, iallfall på meg. Me såg at me hadde ein sjanse og trudde me kunne vinne, og då sette me inn støtet, seier Aabø.

Legg ein til grunn at dei har gått 900 kilometer, gir det 180 timar på mølla om ein reknar fem kilometer i timen som gjennomsnittsfart.

– Det må eg seie, eg hadde aldri trent sånn som nå om det ikkje var for konkurransen og laget. Før me starta tenkte eg at det passa bra å gå på mølla ein dag, trene styrke ein annan dag og variere det. Men det har omtrent bare blitt mølla, seier Elisabeth Hellerslien og ler.

(Saka held fram under bildet)

UTHALDANDE: Janne Margrethe Aabø la ned sine kilometer for «The Favorites». (Foto: Even Emberland)

UTHALDANDE: Janne Margrethe Aabø la ned sine kilometer for «The Favorites». (Foto: Even Emberland, Avisa Ryfylke)

Hovlandsnuten Opp x 132
Hovlandsnuten Opp nærmar seg med stormskritt, og alle fem har planar om å ta turen opp fjellet på konkurransedagen på ein eller annan måte, om ikkje jobb kjem i vegen.

Kvintetten satsar også på å få til ein sosial tur opp til nuten 931 meter over havet utanom løpet, som ein form for premie etter det kontinuerlege slitet på møllene. Innandørs på møllene svarer distansen dei har gått til Hovlandsnuten Opp 132 gonger, alt med ei gjennomsnittleg stigning på 15 prosent.

– Det hadde vore kjekt om me fekk til ein felles tur opp. Den må jo bli «piece of cake» for oss nå, etter alt dette. Det kan jo ikkje vere tvil om at kondisjonen har blitt betre med all møllegåinga, seier dei.

– Eg kjem aldri til å gjere dette igjen. Nå har eg prøvd det og gjort det, så nå vil eg prøve noko anna, seier Olsen, som får støtte frå dei andre.

Men «coach Aabø» lar dei ikkje sleppe så lett:

– Den gruppechatten kan ikkje leggast ned. Kjem det noko anna me kan prøve, så kanskje me skal ta sats igjen. Men akkurat nå gler eg meg veldig til å gjere heilt andre ting. Bare det å gå på ein vanleg spinningtime igjen blir heilt utruleg, for nå har alt lenge bare handla om mølla.

Fornøgd leiar
Gunn Bastlien, leiar for Frisk & Rask Treningssenter, synest responsen og engasjementet rundt konkurransen har vore over all forventning.

– Vedlikehaldsmannen er kjempebekymra for møllene, eg trur ikkje de har hatt fem minutt utan folk på i opningstidene, seier ho og ler, før ho held fram:

– Me ser at det er enormt motiverande for folk når dei går saman og dannar lag. Det har vore kjempekjekt å sjå at gruppene undervegs har sett seg nye mål og pusha kvarandre, forklarer Bastlien.

 

Denne saka er skrive av Avisa Ryfylke.