«

Jan 11

Hovlandsnuten Opp er med i norgescupen

Eliten i motbakkeløp kjem til Sauda og Hovlandsnuten Opp i juni. 

– Veldig gledeleg at me får norgescupstatus dette året også. Eg kjem rett og slett litt ut av tellinga på kor mange gonger har me hatt norgescupstatus, seier Per Inge Fjellheim, primus motor for motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp.

Godt vane
Hovlandsnuten Opp har tidlegare hatt norgescup-status i 2012, 2013, 2014, 2015 og i 2017. Per Inge Fjellheim trur dei mange lovorda frå løparane har bidratt til at løpet i Sauda stadig vekk blir eitt av dei fem motbakkeløpa i norgescupen.

– Eg har inntrykk av at deltakarane trivst godt i Sauda, seier han.

Hovlandsnuten Opp har fått norgescupstatus også i år, som eitt av fem løp. Foto: Anders Huseby.

Hovlandsnuten Opp har fått norgescupstatus også i år, som eitt av fem løp. Foto: Anders Huseby.

Mange av deltakarane rosar arrangementet som er ein rein folkefest, med publikum og deltakarar og underhaldning langs heile den seks kilometer lange traseen opp mot nuten.

Norgescupløpa dannar grunnlag for uttak til VM, og fire av dei fem løpa er tellande. Samanlagtvinnarane får ein premie på 80 000 kroner.

– Norgescupstatusen trekker folk, utan tvil. Eitt år då me ikkje hadde norgescup, kolliderte løpet vårt med eit av norgescupløpa. Det merka me på deltakartalet, seier Fjellheim.

Han er godt i gang med å lokka til seg motbakkeentusiastar og kjende fjes frå norsk sportsliv.

– Kristen Skjeldal (tidlegare langrennsløpar med fleire VM- og OL-gull på merittlista, red. merkn.) har alt sagt at han vil komma. Han har vore med fleire gonger tidlegare og liker seg godt i Sauda, seier Fjellheim.

NM i 2019?
I 2014 var løpet i Sauda også norgesmeisterskap i motbakkeløp. I nydeleg sommarvêr denne junidagen blei det sett deltakarrekord, med heile 1 170 personar. 870 av desse var trimmarar. Stian Hovind-Angermund frå Varegg og BUL-løpar Heidi Weng blei dette året kåra til norgesmeistrar på toppen av 930 meter høge Hovlandsnuten.

– Me vil søka om at Hovlandsnuten Opp blir NM i motbakkeløp i 2019 – året då Sauda idrettslag rundar 100 år, seier Per Inge Fjellheim.

Norgescupen 2018:

*** 12. mai:  Løvstakken Opp
Arrangør: Bergen Løpeklubb

*** 2. juni: Skuggenatten Opp (NM)
Arrangør: Treungen IL

*** 9. juni: Hovlandsnuten Opp
Arrangør: Sauda IL

*** 4. august: Saudehornet Rett Opp
Arrangør: Ørsta IL

*** 11. august: Fanaråken Opp
Arrangør: IL Fanaråk