«

May 09

Rekordholdarane satsar mot Hovlandsnuten Opp

 

Torstein Tengsareid (Egersunds IK) og Karoline Holsen Kyte (Førde IL) har begge varsla at dei planlegg å springe Hovlandsnuten Opp i juni. Dei har løyperekordane, høvesvis på 41.47 (frå 2016) og 49.21 (frå 2017), og vil naturlegvis vere blant favorittane i årets utgåve av motbakkeløpet.

I fjor blei Tengsareid nummer to i herreklassen, slått av Stian Øvergaard Aarvik, medan Kyte vann dameklassen, nesten to og eit halvt minutt føre May Britt Buer på andreplass.

– Eg var der i fjor for første gong. Det var eit veldig flott løp, med ei fin løype, mykje folk og god stemning langs løypa. Det gjer at eg har lyst tilbake. I tillegg har løpet norgescupstatus, som gjer at det blir høgt nivå på konkurransen, seier Kyte.

Karoline Holsen Kyte vann fjorårets Hovlandsnuten Opp og håpar å komme igjen i år. Foto: Nils Tungland.

Karoline Holsen Kyte vann fjorårets Hovlandsnuten Opp og håpar å komme igjen i år. Foto: Nils Tungland.

Arrangøren i rute
Med to månader til løpet, fortel løpsleiar Per Inge Fjellheim at arrangementstaben har kontroll på dei mange oppgåvene som må gjerast for å sikre ein ny løpefest for saudabuar og tilreisande. Datoen for konkurransen er 9. juni.

– Me held fram med same stil som i fjor. Det blir sherpa-/brannmannklasse i år også, akkurat likt som i fjor. Me jobbar for å gjere den endå meir kjent, for der trur eg me har eit større potensial, i tillegg til den vanlege konkurranse- og trimklassen. Snøen er alltid ein ting folk spør om og lurar på, men den bekymrar eg meg veldig lite for. Det gjekk heilt fint då me hadde veldig mykje snø i 2015, og blir det mykje snø i år, så er eg sikker på at me uansett skal få til ein fin trasé, seier Fjellheim.

Skadeusikkerheit
Sjølv om Kyte ønsker å vende tilbake til Sauda, er det ikkje sikkert at ho er på start den 9. juni. I slutten av mars fekk førdianaren påvist eit trettheitsbrot i ryggen. Skaden gjer at den planlagde deltakinga i Hovlandsnuten Opp står i fare.

– Det er for tidleg å seie sikkert, men det kan gå. Akkurat kor lang tid det vil ta er vanskeleg å seie nå. Det blir nokre veker utan løping, og så må eg sjå det an kor raskt det går, forklarer Kyte om skaden.

I fjor hadde ho ein kanonsesong. Forutan sigeren i Hovlandsnuten Opp, vann ho mellom anna Skåla Opp, Stoltzekleiven Opp, tok bronsemedalje i NM i terrengløp og blei nummer fire i europameisterskapet i motbakkeløp. I år er verdsmeisterskapet i Andorra i september eit stort mål for 24-åringen.

– Planen er å vere betre enn eg var i fjor, det er det eg trener for. Eg må endre litt på planane på grunn av skaden. Eg må nok droppe dei første løpa i vår, og det blir mykje løping i basseng og alternativ trening. Eg skal halde forma ved like så godt eg kan, og så håpar eg det ikkje tar så lang tid før eg er skadefri, seier Kyte.

– Desidert størst i Rogaland
For Tengsareid handlar årets Hovlandsnuten Opp og sesong om å slå tilbake etter det han skildrar som ein krevjande fjorårssesong. Han sigra i Sauda både i 2016 då han sette løyperekorden og i 2014. 29-åringen kombinerer motbakkesatsinga med full jobb.

– Det var ein litt tung sesong for meg i fjor, men det verkar som om det har losna veldig, for nå er eg så god som eg nokon gong har vore på denne årstida. Ein skal vere forsiktig med å seie at kjem til å gi ein god sesong, men det kjennest iallfall bra ut nå, seier Tengsareid.

– Kva er det som gjer at du også i år spring Hovlandsnuten Opp?
– Det er det desidert største motbakkeløpet i Rogaland, og eit veldig bra gjennomført arrangement. Det er også veldig god stemning langs løypa og masse folk, og det er langt frå alle plassar me opplever så mykje publikum. Det er veldig kjekt.

Satsar mot EM
I likskap med Kyte har også Tengsareid ambisjonar om å konkurrere internasjonalt denne sesongen. Han er saman med Stian Øvergaard Aarvik (vann Hovlandsnuten Opp i 2017) og Johan Bugge (vann Hovlandsnuten Opp i 2015) tatt ut til å springe europameisterskapet i fjelløp i Skopje i Makedonia i juli.

– Det er heilt klart eit mål. Kva gjeld norgescupkonkurransane, så har eg ikkje heilt bestemt meg for kva eg gjer i år. Det kjem litt an på kor godt det går i starten, i tillegg til om det dukkar opp fleire moglegheiter til å springe internasjonale konkurransar, forklarer Tengsareid.