«

»

Jun 01

Gjer seg klare til ny kraftkamp

Neste laurdag ventar Hovlandsnuten storinnrykk, slik nuten har hatt det kvart einaste år sidan Hovlandsnuten Opp blei starta tilbake i 2007.

Ferda opp til dei 931 etterlengta meter over havet er ein bejubla affære. Folkefesten og livet i løypa heier fram alle som ein, uavhengig om ein kjem som ein trimmar klokka 11 eller som ein konkurranseutøvar klokka 13.

Med rundt tusen deltakarar, så er dei skarpaste konkurranseløparane bare ein liten del av arrangementet.

Forutan dei som kjempar om å slå eigne rekordar og tider, har ein også dei som konkurrerer i bedriftsklassen. I fjor var det Statkraft som tok sigeren for aller første gong, ti minutt føre Saudefaldene på andreplass, medan Eramet følgde på tredjeplass, 17 minutt bak Saudefaldene.

– Me har ein helserelatert bit i HMS-arbeidet vårt kor me ønsker å stimulere til mosjon. Me støttar medlemskap hos Frisk & Rask og fleire påmeldingsavgifter for dei tilsette, som Sauda Seven Summits, Haugesund-Sauda og Hovlandsnuten Opp. For oss er det veldig positivt om dette kan vere med på å gi ein langsiktig helseeffekt for fleire, seier Svein Ilstad, direktør i Saudefaldene.

Statkraft er meir enn klare til å gjere sitt beste for å forsvare sigeren i bedriftsklassen i fjorårets Hovlandsnuten Opp. Her ved nokre av dei som vil delta i motbakkeløpet for Statkraft, både i sherpaklassen, konkurranseklassen og trimklassen: Ola Martin Øverland (frå venstre), Nikolai Austarheim, Anders Skaarer, Ellen Amdal og Jarle Solbakken.

Statkraft er meir enn klare til å gjere sitt beste for å forsvare sigeren i bedriftsklassen i fjorårets Hovlandsnuten Opp. Her ved nokre av dei som vil delta i motbakkeløpet for Statkraft, både i sherpaklassen, konkurranseklassen og trimklassen: Ola Martin Øverland (frå venstre), Nikolai Austarheim, Anders Skaarer, Ellen Amdal og Jarle Solbakken.

Vennskapeleg kappestrid
Saudefaldene har sjølv kniva i teten i fleire år i bedriftsklassen, men dei manglar framleis den ettertrakta sigeren. I år varslar direktøren at dei har henta forsterkningar frå Austlandet for å ta opp kampen med kraftkonkurrentane i Statkraft.

– Me har ennå ikkje spikra laget heilt, men eg reknar med at det blir habilt i år også. Det er viktig for oss at Statkraft ikkje blir for kjepphøge. Me hentar eit styremedlem frå Austlandet som skal vere med og springe. Det blir ein x-faktor. Det spørs om Statkraft er førebudd på den, seier Ilstad og ler, som vel å halde deltakarens namn tett til brystet.

– Me har ennå ikkje vunne bedriftsklassen, så det spørs om me ikkje bare har det i kjeften, legg Ilstad til, og håpar Statkraft vil kaste nervøse blikk på naboen nå som Saudefaldene styrkar laget med ein anonymisert austlending.

 Statkraft som favorittar?
Også hos naboane Statkraft er det krevjande å få ei oversikt over korleis dei ligg an. Måndag denne veka var det fleire av dei som sprang testløp opp til Hovlandsnuten. Kva tider dei sprang på, er derimot ein godt skjult hemmelegheit.

– Nei, dei tidene må me må halde tett til brystet. Me kan ikkje gi konkurrentane noko gratis, seier Jarle Solbakken i Statkraft og humrar, før han held fram:

– Me ligg greitt an samanlikna med i fjor. Men i bedriftsklassen har me veldig dårleg oversikt over konkurrentane, og den svingar frå år til år. Det ser ein på dei tidlegare åra og kven som har vunne frå år til år, forklarer Solbakken.

På kontora til Statkraft er dei fleire som er involverte og engasjerte i arrangementet, både som løparar og arrangørar, og engasjementet pregar lunsjar, kontor- og korridorsnakk.

Blant dei som jobbar ved Statkraft er også løpsgeneral Per Inge Fjellheim.

– For enkeltpersonar meiner eg det er bra å ha eit mål å trene mot. Og inn i ei bedrift er det utruleg viktig å ha felles opplevingar som me snakkar om og diskuterer når det er over. Det viktigaste er at dette er eit tilbod for alle, ei felles oppleving og noko sosialt ein kan gjere saman, seier Fjellheim.

Lågterskeltilbod
Sjølv om det blir snakka og fleipa mykje om Hovlandsnuten Opp blant dei tilsette, og at dei gjerne skal slå kraftkonkurrentane i Saudefaldene og andre bedrifter, er bedriftsklassen først og fremst vere eit lågterskeltilbod for alle som vil måle tida opp Hovlandsnuten.

– For oss på huset er det eit stort arrangement, og startkontingenten blir dekka for alle tilsette. Det er med på å ta ned terskelen for alle, for me vil at flest mogleg vil vere med, seier Jarle, før Nikolai Austarheim skyt inn:

– Det var først då Ellen sende ein epost for ikkje så lenge sidan at eg forstod at dette var eit lågterskeltilbod for alle. Då Jarle først fortalde korleis dette fungerte, var det nemleg to-tre månader med spesifikk motbakketrening som gjaldt for å vere best mogleg førebudd, seier Austarheim og ler godt, før han blir hakket meir alvorleg:

– Eg synest det er veldig kjekt at du som ein del av eit bedriftslag har ei moglegheit til å hjelpe laget ditt med å sette ei tid. Då får du vere med og hjelpe, og kanskje er du ein av dei som er med og set tidene som blir gjeldande for laget.

Brødrene Selvik med to napp
Vandrepokalen er det Ryfylke Bygg, Frisk & Rask Treningssenter, Brødrene Selvik, Eramet og Statkraft som har  napp i. Brødrene Selvik er einaste bedrift som har vunne bedriftsklassen to gonger. Då dei sist vann i 2015, var det løparane Atle Mehus, Knut Herheim, Rune Selvik, Leif Inge Løland og Reidar Selvik som sprang entreprenørfirmaet til heider og ære.

– Dessverre kjem me ikkje til å stille lag i år. Det skulle me gjerne gjort, men dessverre får me det ikkje til i år. , seier dagleg leiar i Brødrene Selvik, Leif Inge Løland.

Eit bedriftslag må ta tre napp i vandrepokalen før den blir deira til odel og eige.

Den jamnaste duellen ein har sett i bedriftsklassen i Hovlandsnuten Opp var tilbake i 2015. Då skilde det bare 27 sekund mellom vinnarane frå Eramet og Statkraft på andreplass, etter at laga sine fem beste tider blei lagt saman og totaltida kraup opp mot fem timar.

Sosialt høgdepunkt
I løpet av denne veka og den siste veka før sjølve løpsdagen, jobbar bedriftene med å rekruttere stadig fleire til å slenge seg med i motbakkefesten.

– Alle som er med synest at den sosiale biten i arrangementet er kjekk. Mange på huset her går saman og tar det som ein sosial tur. Så har du andre som oss som synest den sosiale biten er kjekk, men der tilnærminga til løpet er litt annleis. Då blir det ikkje så mykje snakking undervegs i løpet, men heller meir etterpå, seier Solbakken.

I nabobygget til Saudefaldene sit Svein Ilstad og gler seg ei veke fram i tid, når løypa opp Hovlandsnuten igjen skal leggast tjukk av folk som tar seg opp dei rundt 6,8 kilometerane frå start ved Risvoll skule til toppen.

– Me i Saudefaldene gler oss veldig. Det er eit veldig kult arrangement med masse som skjer. Det er knallkjekt heile dagen, og me prøver å støtte opp om det så godt som me kan, både som sponsor og for å få flest mogleg deltakarar, både i konkurranseklassane og i trimklassen, seier Ilstad, som passande nok har tenkt så det har knaka medan han har snakka om arrangementet:

– Jo meir eg tenker på det, jo sikrare blir eg på at me slår Statkraft, avsluttar Ilstad og ler.